
OM HYTTEGRENDA
Joneset ligg på Sør-Skorpa, i Kinn kommune, Vestland fylke. Det ligg med fri utsikt i nær alle himmelretningar – og mot vest: «Shetland next».
Hyttefeltet er ferdig regulert med 8 hyttetomter.
Hyttene ligg skjerma frå kvarandre med kupert terreng. Feltet er tilpassa omgivnadane og naturen på Joneset. Tomtene er på om lag 1 daa kvar.
Bileta frå arkitekt Rune Melvær frå iVest Consult er meint som illustrasjonar. Desse syner korleis hyttene kan sjå ut. Godkjend reguleringsplan syner korleis hyttene vil ligge i forhold til kvarandre og sjøen.

Endeleg godkjend reguleringsplan. Slik vil hyttene ligge i forhold til kvarandre og sjøen. Trykk for å forstørre biletet.

Det vert tilgang til flytebrygge i Skorpevågen like ved. Brygga ligg godt verna for vêr og vind.
I tillegg vert det terrengtilpassa veg til hyttene, parkering, breiband, vatn og avløp. Det blir etablert eit fellesområde, knytt til hyttefeltet, i Skorpevågen som kan brukast til grilling, krabbekoking og hyggelege treff.
Prisantydning
650.000 - 800.000 kr for hyttetomt.
Høgstbydande over 2.5 mill kr for heile hyttefeltet.
Er du interessert i hyttetomt i Joneset?
Eller ønskjer du å ta over heile hyttefeltet?
Kontakt meg her.
Forslag frå arkitekten:



