top of page

JONES HYTTEGREND

DRØYMER DU OM EI HYTTE VED SJØEN?

Jones hyttegrend ligg på eit nes på øya Skorpa i Kinn kommune i Vestland fylke.

Eit hytteliv på øyane i Flora er heilt spesielt, og byr på spektakulære møte med naturen: Alt i frå varme og idylliske dagar – der ein kan ta eit morgonbad i sjøen rett nedanfor hytta – til vêr og vind som kan nytast frå hyttevindauget.

Joneset er eit ferdig regulert hyttefelt med 8 tomter. Dei ligg skjerma frå kvarandre i eit kupert landskap. Biletene er illustrasjonar, sjå gjerne reguleringsplan for korleis hyttene vil ligge i terrenget. 

 

Prisantydning: 650.000 - 800.000 kr per hytte. For heile feltet: høgstbydande over 2.5 mill kr. 

 

Er du interessert i hyttetomt i Joneset?

Eller ønskjer du å ta over heile hyttefeltet? 

 

Kontakt meg her.

Detaljreguleringsplan.png
fullsizeoutput_2b9b.jpeg

TILKOMST

Det går daglege ruter med båt/bilferje mellom Sør-Skorpa og Florø. Reisa tek om lag 20 minutt.

Frå Bergen går det ekspressbåt fleire gongar dagleg som korresponderer med båt frå Florø til Sør-Skorpa. 

Florø Lufthamn har daglege ruter frå Oslo og Bergen.

AKTIVITETAR

fullsizeoutput_2834.jpeg

Båt og fiske

Fine båt- og segleområder, samt gode fisketilhøve.

fullsizeoutput_317f.jpeg

Kinnaspelet

På naboøya Kinn vert Kinnaspelet arrangert kvart år i juni - eit historisk teater som er verd å få med seg.

fullsizeoutput_2816.jpeg

Fine turløyper for alle

Ein kan blant anna gå på nordsida av øya, rundt Vardefjellet til Båsundet, eller få fugleperspektivet frå Blåkollen (398 moh.).

fullsizeoutput_2819.jpeg

Padling

Kanoutleige ved Kvernhusvatnet for barn og vaksne.

GALLERI

bottom of page